AIA Continental Europe har utropt Tretoppvegen som vinnar av kategorien «Design for Social Impact» i «AIA Continental Europe 2024 Design Awards». 

AIA Continental Europe er ein del av The American Institute of Architects, og dei støttar arkitektar, studentar og bygningsfagfolk gjennom program som bygger opp under fellesskapet mellom verksemder m.a. i Europa og USA. 

Tretoppvegen blei valt som vinnar på grunnlag av designet som fremjar eit rettferdig samfunn og sosial integrering, og som påverkar nåverande og framtidige brukarar, i tillegg til det større fellesskapet, på ein positiv måte. 

«Social impact» kan forklarast som «betydelege eller positive endringar som løyser eller i det minste set stor fokus på sosiale forskjellar og utfordringar».

Her kan du lese meir om kåringa: aiaeurope.org/designawardwinners2024