Vi har stor aktivitet og mange planar framfor oss i år og åra framover. Fyrst ut er alle aktivitetar knytt til turisme og Tretoppvegen. Sommarkafé, landsbyovernatting, lokalmatutsal, turistverstskap og sal av Hamaren-effektar er blant dei spennande nye aktivitetane. 

Utvikling av vårt nye kulturhus har nå kome langt. Salen og scenen er på plass, lyd og ljos vil vere klart til hausten ein gong. Ombygging av toalett og foajé er under planlegging og kanskje ferdig i løpet av året.

Molandsmoen industriområde er i full utvikling . Nå er området lagt til rette for fullskala utbygging med veg, vatn, kloakk, lys og fiber. Vi jobbar framleis for fullt med realisering av eit stort datasenter og i løpet av hausten får vi vite om dette blir ein realitet. Vi har trua.

Århusjordet og våre planar der er snart klare for realisering. Anbod om tilrettelegging av infrastruktur og tomter kjem ut før sommaren, slik at ein kan starta opp med grunnarbeid til hausten. Bygging kan så kome i gang til våren att. Det er plass for bygging av opptil 25 einingar, og kor mange vi bygger vil vi ta avgjerd om når datasenteretableringa er teke avgjerd om.

Så vi har mye å sjå fram imot.

Ha ein god og triveleg sommar!

Erik Skjervagen