Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen. Dersom du skal leige bort drifta, må du sende leigekontrakten til kommunen.

    Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

    Målgruppe

    Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)

    Kriterium/vilkår

    Kommunen vil leggje vekt på:

    • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
    • Arealets storleik og avkastningsevne
    • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
    • Søkjarens livssituasjon

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Vedlegg

    Kart over eigedommen

    Søknadsfrist

    Innan eitt år frå overtakingsdato.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets utløp.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

    Klagemulighet

    Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-06-09 12:51