Fylkeskommunen har bestemt at all ordinær skuleskyss i Telemark innstillast måndag 22. januar. Bakgrunnen er det venta vêromslaget som vil kunne føre til svært glatte vegar. 

Gimle skule held ope som vanleg. Føresette som har moglegheit til å køyre sine born til skulen blir oppmoda om å gjere det, men dei elevane som ikkje kjem seg på skulen vil likevel ikkje få fråvær.