Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald i eller utanfor institusjon.

Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.

Vilkåra er at du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • Dersom du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid.
  • Dersom omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg.
  • Dersom omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen.

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.  

Tenesta er gratis.