Fylg FV 355 mot sør frå Fyresdal sentrum og tak av ved garden Valebjørg, der ein mot avgift får nykkel til vegen mot Fiskebu. Etter omlag 6 km kjem ein til eit vegskilje ved ei bru der ein parkerer. Turen startar ved informasjonstavla. Fylg blå merka stig oppover myrdraga mot Kroktjønn. Her kan ein sjå tufta etter den gamle støylsbua. Ein ser varden, der boka ligg, i god tid før ein når toppen. Store delar av den flotte Valebjørgsheia ser ein mot aust. Mot sør kan ein sjå fjernsynsmasta på Hovdefjell. Og når det er klart vêr, skal ein kunne sjå havet mot sør. Flott tur sommar som vinter. Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Total lengde: 6 km
  • Stigning: 260 m
  • Terreng: Middels
  • Gangtid: 3 timar

Sjå ut.no for kart