Ungdomsrådet jobbar med saker som barn og ungdom er opptekne av. Dei har eigen sekretær og gjennomfører omlag 6-8 møter i året. I tillegg deltek medlemene på ungdomskonferansar og andre relevante møte. 

Per i dag har vi hatt val på ungdomsrådet kvar haust. Ungdomsrådet har fem medlemer og tre vara. Medlemene må vere i alderen 13-19 år og busett i Fyresdal kommune.

Her kan du sjå kven som sit i Fyresdal kommune sitt ungdomsråd