Utgangspunktet for den universelle turvegen er på nordsida av Gimle skule. Vegen går nordover mot Grunnviksbukta, før den svingar attende og fylgjer vasskanten sørover med flott utsikt ut over Fyresvatn. Vidare gjeng ein sørover langs vasskanten, ca. 500 meter, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytingstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning Munkhola. Herifrå kan ein velje om ein vil gå i retning Sauekro mot Fyresdal Næringshage og bryggjeparken, eller om ein vil gå nordover forbi Klokkargarden og attende til utgangspunktet. Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast. Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper. 

Total lengde ca. 2,4 km. Terreng: Lett. Gangtid ca. 45 minutt. I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren. Turvegen til Klokkarhamaren, den høgaste toppen i Hamaren (343 moh), er grusa. Dei mest bruka stiane er skilta og merka av på kartet. 

Rasteplassar

Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast på sentralbordet til Fyresdal kommune. Du kan og bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Du finn eit lite vedlager like ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten.

Sykkelløype

Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. Frå den blå løypa går det ein avstikkar som er gradert som raud løype.

Dette er ein nedfart som er for dei med litt meir erfaring. Løypa er bygd av elevar på Gimle skule etter instruksjon frå Bike Solutions. På toppen av sykkelløypa har elevane laga benkar og bord for ein rast.

Natursti

Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Kartet viser kvar dei ulike står. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen. Skilta er laga av elevar ved Gimle skule og omfattar desse tema:

1. Bukkane Bruse
2. Sumpområde
3. Fiskane i Fyresvatn
4. Munkhola
5. Insektshotell
6. Bever
7. Skogen i Fyresdal
8. Hakkespett
9. Maur
10. Treslag
11. Elg
12. Istid

Skiløype

Delar av turvegen vert oppkøyrd som skiløype når snotilhøve tillet det. Skiløypetraseen er merka på kartet og er ei rundløype på ca. 1,5 km (totalt 1,7).

Hamaren til nye høgder - 2019

Det blir nå jobba med ei utviding av Hamaren Aktivitetspark - «Hamaren til nye høgder». Planen går ut på å gjere parken større og enda meir spektakulær. I fyrste omgang jobbar prosjektgruppa med finansiering og teikningar. Planleggingsprosessen er tenkt ferdigstilt desember 2019, og dersom finansiering er på plass, er byggjestart planlagd til våren 2020.

Status prosjekt «Hamaren til nye høgder» - oktober 2020

Vi takkar for engasjementet og iveren som bygdefolk og andre viste i prosjektet «Hamaren til nye høgder». Dette engasjementet og ynsket om å ta del i prosjektet gjorde at dei involverte i prosjektet fekk trua på at prosjektet kunne realiserast.

Det er beklageleg at prosessen ikkje blei optimal og at ikkje alle har følt seg tilstrekkeleg involvert og informert. Her har det nok vore dårleg kommunikasjon frå alle partar, og det må vi ta til vitande og bli betre på til neste gong. Resultatet blei at vi ikkje fekk til ein konsensus om kjøp med grunneigarane på Kjeøyni.

Bygging av bru i regulert vatn og frakting av anleggsutstyr ut til øya skapa mykje usikkerheit for entreprenørane som la inn anbod. Usikkerheitsmarginane vart så høge at prisen for gjennomføring var høgare enn det prosjektet hadde budsjettert med.

Styringsgruppa som har jobba med prosjektet bestemte etter anbodsopning å ikkje gå vidare med prosjektet og råda kommunestyret til å gjere det same. Saka blei handsama i kommunestyret 17.09.20, der det blei fatta fylgjande vedtak:

Sitat: «Med bakgrunn i manglande finansiering på om lag 8.000.000,- avsluttar Fyresdal kommune planane om utbygging av «Hamaren til nye høgder» på Kjeøyni. Fyresdal kommune ynskjer å sjå på mogleghetar for å utvikle fleire aktivitetar og attraksjonar i eksisterande Hamaren-området. Om mogleg skal det nyttast løyvingar frå tidlegare tildela midlar til «Hamaren til nye høgder». Kommunestyret ynskjer sak om vidare finansieringsplan for prosjektet snarast råd.» Sitat slutt.

Vi har framleis tru på ideane om å skape ein attraksjon i Fyresdal som vil bidra til auka besøk, auka handel og næringsutvikling, og til at Fyresdal blir ein god plass å bu. Vi nordmenn søker stadig etter nye landemerke å besøke, men få av desse er tilrettelagte slik at alle kan ha glede av dei, uavhengig av fysisk form. Det var mange som hadde tru på ideane på Kjeøyni, både lokalt og utanfor Fyresdal. Prosjektet klarte å få inn over 10 millionar i eksterne midlar (utanom kommunens eigen løyving) og 900 000 av desse kronene kom frå lokale verksemder, lag og organisasjonar! Det at så mange har hatt trua, gjer til at vi ikkje gjev opp!

Det jobbast no med å sjå på om det er mogleg å behalde noko av tilskotsmidlane, og om det lar seg gjere å dra nokon av dei planlagde installasjonane inn i eksisterande Hamaren Aktivitetspark. Så snart vi veit meir om dette, vil vi kome med ei ny orientering. Kommunestyret skal i møte 29.10.20 ta stilling til dette.

Vi håpar at de framleis har trua, slik som oss, og at vi kan få til ei spanande vidareutvikling av Hamaren Aktivitetspark! Kontakt oss gjerne på e-post om de har spørsmål.

Med helsing, for styringsgruppa, Hilde M. Momrak (e-post: hilde.momrak@fyresdal.kommune.no) og Aslak Momrak-Haugan (e-post: aslak.momrak.haugan@fyresdal.kommune.no).

Statusoppdatering frå prosjektet «Hamaren til nye høgder» - februar 2021

No er det på tide med litt informasjon. Sidan i haust har fleire jobba iherdig for å resirkulere planane for «Hamaren til nye høgder» - både gjennom redesign av anlegget med tanke på flytting OG å oppretthalde engasjementet frå dei som har løyva midlar til prosjektet, slik at vi kan behalde desse.

Dette har gått svært bra! Når det gjeld finansiering har vi fått behalde så og seie alt vi søkte om i fyrste omgang! I tillegg har vi nye søknadar inne, og seinast denne veka fekk vi tilsagn på kr 125 000,- frå støtteordninga «Attraktive tettstader i bygdene kring villreinfjella» til bygging av turvegen og utviding av naturstien i Hamaren. Dei fleste lokale verksemdene har og fortsatt tru på prosjektet og tilskotet dei gav i runde ein, står ved lag!

Finansieringslista ser slik ut:

  • Kommunal- og Moderniseringsdepartementet: kr 4 000 000,-
  • Sparebankstiftelsen: kr 2 000 000,-
  • Fyresdal kommune: kr 3 000 000,-
  • Sparebanken Sør: kr 150 000,-
  • Telemark Utviklingsfond: kr 1 000 000,-
  • Ryfylke FK, utviklingsmidlar: kr 125 000,-
  • Verksemder, lag og privatpersonar: kr 698 000,-
  • Friluftsmidlar, Fyresdal kommune: kr 150 000,-
  • Gjensidigestiftelsen: kr 287 273,-
  • Spelemidlar (omsøkt): kr 562 000,-

Dette summerer seg til om lag 12 millionar, og vi manglar kring kr 500 000,- for å nå budsjett. Budsjettet inkluderer tretoppvegen, men og to store aktivitetsflater, ein for ungdom og ein for dei mindre. Alle kostnader til prosjektleiing, arkitekt og ingeniør ligg og inne.

Vi har fleire søknadar inne og reknar med fullfinansiering i løpet av våren.

Når det gjeld redesign har EFFEKT arkitekter arbeidd med å ta prinsippet med tretoppvegen inn på Hamaren. Kongstanken er no å kome seg til toppen av Hamaren, på vestsida, utan å kome i konflikt med eksisterande element og verdiar i Hamaren. Toppen er i dag uoppnåeleg for mange, men med boardwalk – turveg bygd i tre – med max stigning på 7 % i kortare strekk, skal ALLE kunne få seg ein topptur i Fyresdal! Installasjonen vil bukte seg i svingar og loop og munne ut i en utsiktssirkel med høve til å gå/køyre av bort til den øvste gapahuken. Om det blir sirkel, dråpeform eller loop gjenstår å sjå. Ingen av skissene er endelege, men vi ynskjer å vise kor langt vi er kome.

Om kommunestyret godkjenner oppstart, er planen å legge arbeidet ut på anbod til våren/sommaren, med byggestart tidleg haust.

Vi har framleis stor tru på dette prosjektet og det er gledeleg at så mange andre og har det – både lokalt og regionalt. Vi håpar å jobbe saman med lokalt næringsliv slik at denne attraksjonen kan vere med å bidra til auka lokal verdiskaping i Fyresdal! Og vi håpar og at Hamaren aktivitetspark vil fortsette å få folk ut på tur, endå meir enn i dag om mogleg 😊

Helsing prosjektgruppa

The Line

The Summit

Statusoppdatering frå prosjektet «Hamaren til nye høgder» - april 2021

Torsdag 25. mars fekk kommunestyret ei orientering om status på prosjektet «Hamaren til nye høgder». Prosjektleiar fortalde då mellom anna at budsjettmålet for tretoppvegen var nådd og at arbeidet med anbudsprosessen kunne ta til! Gjekk du glipp av orienteringa? Sjå den gjerne i opptak her, eller les nyheita under. 

--- --- ---

Sidan i haust har fleire jobba iherdig for resirkulere planane for «Hamaren til nye høgder» – både gjennom redesign av anlegget med tanke på flytting OG å oppretthalde engasjementet frå dei som har løyva midlar til prosjektet, slik at vi kan behalde desse.

Dette har gått svært bra! Når det gjeld finansiering har vi no fullfinansiert bygging av både tretoppveg og klatreparkområde for barn og unge, samt prosjektering, design, prosjektleiing og marknadsarbeid.

Totalt har vi fått inn 12,8 millionar. Av dette har kommunen løyvd 3 millionar, samt at prosjektet har fått kr 150 000,- frå kommunens friluftsmidlar.

Lokale verksemder har og framleis tru på prosjektet og dei går inn med nesten kr 700 000,-, saman med lokale organisasjonar!!! Dette er fantastisk!!

Når det gjeld redesign har EFFEKT arkitekter arbeidd med å ta prinsippet med tretoppvegen inn på Hamaren. Kongstanken er no å kome seg til toppen av Hamaren, på vestsida, utan å kome i konflikt med eksisterande element og verdiar i Hamaren. Toppen er i dag uoppnåeleg for mange, men med boardwalk – turveg bygd i tre – med max stigning på 7,5 % i kortare strekk, skal ALLE kunne få seg ein topptur i Fyresdal! Installasjonen vil bukte seg i svingar og loop og munne ut i ein utsiktssirkel med høve til å gå/køyre av bort til den øvste gapahuken. 

Kommunestyret har no godkjent at arbeidet med tretoppvegen leggjast ut på anbod i løpet av våren, med byggestart tidleg haust. 

Vi håpar å jobbe saman med lokalt næringsliv slik at denne attraksjonen kan vere med å bidra til auka lokal verdiskaping i Fyresdal! Vi set no i gang eit arbeid leia av Mimir og Visit Telemark der vi skal kartlegge korleis dei som driv og har lyst til å drive næring, kan tene pengar på denne attraksjonen. Dette vil de høyre meir om innan hausten og vi håpar mange vil kople seg på dette arbeidet. Parallelt skal vi jobbe med besøksforvaltning – korleis skal vi leie folk igjennom bygda, kvar skal dei parkere, korleis leiar vi dei igjennom parken og kva treng vi for at dette blir ei god oppleving både for oss som bur her og for dei som kjem på besøk. Her vil vi og trenge innspel.

Vi har stor tru på dette prosjektet og det er gledeleg at så mange andre og har det – både lokalt og regionalt. Det er framleis idear om både badstoge, hengekøyecamp, SUP board-stasjon og anna som vi ikkje har finansiert, så dersom nokon har pengar til overs eller har idear om kvar vi kan skaffe midlar, sei gjerne i frå! Så håpar vi at Hamaren aktivitetspark vil fortsette å få folk ut på tur, om mogleg endå meir enn i dag 😊

Helsing prosjektgruppa

NB. Skissene er ikkje endelege.

Rute til toppen

Visualisering Hamaren til nye høgder