Innskriving i skulen 2024/2025

Innskriving i skulen for nye elevar i 1. klasse skjer innan 15. mars 2024. Alle barn får automatisk plass i grunnskulen det året dei fyller seks år. Føresette vil få brev om dette. Når føresette mottar eit slikt brev, må dei bekrefte at barnet har fått skuleplass, eventuelt takke nei, dersom barnet skal flytte til ein annan kommune. Når barnet er innskrive i skulen, vil føresette få tilgang til Visma Føresettportal, der dei kan søke om SFO-plass.

Skulefritidsordning 2024/2025

Oppstartsdato for nytt skuleår er måndag 19. august 2024. Søknad om SFO-plass i Fyresdal kommune gjerast via Visma Føresettportal. Dette gjeld om du søker for fyrste gong, søker endring av plasstype eller seier opp plassen. Elevar som allereie har plass, beheld denne til dei byrjar i 5. klasse. Det blir tildelt plass ut ifrå retningslinjene i vedtektene for Fyresdal skulefritidsordning. Søknadsfrist er 15. mars 2024.

Barnehageplass 2024/2025

Nytt barnehageår startar måndag 19. august 2024 for nye barn. Dei som allereie har plass, har denne inntil dei søker om endring eller seier opp plassen. Søknad om barnehageplass i Fyresdal kommune gjerast via Visma føresettportal. Dette gjeld om du søker for fyrste gong, søker endring av plasstype eller seier opp plassen. Det blir tildelt plass ut ifrå retningslinjene i vedtektene for Fyresdal barnehage. Søknadsfrist er 15. mars 2024.