Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark startar opp kurset «ER DET BERRE MEG?» i Fyresdal 15. april.
 
Livet skjer med oss alle!
- det kan vere eksamen, vanskar i samlivet, sjukdom, konflikt på jobb, pårørande, økonomi, ulykker.
 
Det påverkar oss på ulike måtar!
- stress, bekymring, grubletankar, vonde kjensler som klumpar seg saman, irritert, søvnvanskar, muskelsmerter, fråvær av glede, sjølvkritiske tankar, jobbar mykje m.m.
 
Det er fort å tenke at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse!
 
På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare med dette på eiga hand - for å kunne bli din eigen terapeut.
 
Samling 1: TANKEKLUSS
- du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette.
 
Samling 2: KLUMP I MAGEN
- du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler.
 
Samling 3: EG KAN
- du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.
 
Korleis melder eg meg på kurset? 
Ring 90 67 01 30 i telefontida.
 
Kor lenge varer kurset?
Kurset består av tre økter/måndagar kl. 17.00-19.30 med oppstart. Datoane for kurset: 15. april, 22. april og 29. april.
 
Kurset er gratis, og for alle som bur i Vest-Telemark.
 
Stad: Frivillighetssentralen i Fyresdal. 
Me håpar å sjå deg der! 
Du er varmt velkommen!
 
Sagt om kurset av tidlegare deltakarar:
  • Eit fint kurs som ikkje var for komplisert
  • Veldig bra - godt å sjå at ein ikkje er åleine
  •  Bra tiltak - og fint at det er gratis
  •  Det er synd det er siste gongen og at me skal avslutta. Me byrjar å bli godt kjent
  • Eit bra og lærerikt kurs. Håpar dei hald fram med det vidare. Eg har allereie tilrådd det til andre