Skal du søke om spelemidlar? Sjå denne spelemiddelprosedyren for retningsliner og tidsfristar!

Nytt i år er at dersom du ynskjer å søke eit kommunalt tilskot til idrettsanlegget du ynskjer å søke spelemidlar til, må du søke spesielt om det i forkant av sjølve spelemiddelsøknaden. Frist for dette er 01.05.2024.

Det er ikkje eige søknadsskjema for dette, men vi treng ei kort beskriving av tiltaket, budsjett og ynskjeleg kommunal stønad.  Søknaden sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no

Ta gjerne kontakt med kulturkontoret dersom det er noko du lurar på!

Avdelingsleiar kultur Hilde Martini Momrak
Telefon 35 06 71 29
Mobil 95 27 09 05
E-post hilde.momrak@fyresdal.kommune.no