Det er fastsett tre moderasjonsordningar i SFO:
- 12 timar gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn. Dette legg vi inn som trekk i fakturagrunnlaget. Foreldre treng ikkje å søke på denne ordninga.
- Redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1.–4. trinn. Desse skal maksimalt betale 6 % av inntekta si til SFO. Foreldre må søke på denne ordninga.
- Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn. Regelen viser til Opplæringslovas § 13-7 og «barn med særskilte behov» må forståast i samsvar med regelen.
Slik søker du:
For arbeidstakarar:
Kopi av siste månads lønsslipp. Ved nytt arbeidsforhold, kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram. Ved permisjon utan løn må ein dokumentere dette.
For sjølvstendig næringsdrivande:
Stadfesting frå regnskapsførar/revisor på forventa inntekt og kopi av siste næringsoppgåve.
For arbeidsledige:
Kopi av siste utbetaling frå NAV.
For heimeverande:
Ingen krav til inntektsdokumentasjon ut over sjølvmelding.
For studentar:
Kopi av studentbevis eller stadfesting av studie.
SFO-tilbod gjeld automatisk frå søknadstidspunkt til og med 4. klasse, med mindre ein gjer endringar eller seier opp plassen.
Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen.
Dersom inntekt i familien blir endra i løpet av året, må kommunen få tilsendt oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta.