Tekniske hjelpemiddel

Hjelpemiddelteknikar kan bistå med fylgjande: 

  • Formidle hjelpemiddel
  • Tilrettelegging
  • Montering
  • Opplæring
  • Oppfølging
  • Vedlikehald
  • Service

Velferdsteknologi inneber:

  • Formidle stasjonære og mobile tryggleiksalarmar
  • Opplæring og oppfølging av desse
  • Tett samarbeid med alarmsentralen i Telemark

Transport og parkering

Parkeringsløyve for rørslehemma

Har du utfordringar knytt til å bevege deg over lange strekningar, kan du ha rett til eit parkeringsløyve, slik at du kan parkere på parkeringsplassar merka for funksjonshemma. 

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet. Løyvet består av eit parkeringskort utstedt til deg som person. Det at parkeringsløyvet er personleg, betyr at løyve følger den personen det er gitt til, og ikkje ein bestemt bil. For å kunne benytte deg av dei rettane som følger av parkeringsløyvet, må du legge parkeringskortet godt synleg i bilruta.

Når du søkjer om parkeringsløyve, må du leggje ved legeattest og bilete. 

Tilrettelagt transportordning

TT-ordninga er eit tilbod til personar som på grunn av sterk og varig funksjonsnedsetting, fysisk og/eller psykisk, ikkje kan nytte ordinær kollektivtransport.

Hensikten er å gje eit transporttilbod for sosiale formål. Ordninga bidrar såleis til moglegheit for deltaking og likestilling i samfunnet, og auka livskvalitet for den enkelte.

Transportordninga er ei frivillig fylkeskommunal oppgåve, det er ingen lovfesta rett til slik transport. Ordninga er meint å dekke fritidsreiser. Reiser til og frå arbeid- og utdanningstilbod, lege, sjukehus eller anna behandlingstilbod er føresett dekt av andre stønadsordningar.

Transportordninga omfattar kun personar med folkeregistrert adresse i Vestfold og Telemark.

Behov for følgeperson?

Ein følgjeperson til ein som er funksjonshemma kan mellom anna få rabatt på offentleg transport og gratis inngang på ulike arrangement.

Personar med psykiske og/eller fysiske funksjonshemmingar kan ha med seg ein eller fleire følgjepersonar hos arrangørar/operatørar som aksepterer dette. Ein følgjeperson betalar 50 % på offentlege transporttenester og går gratis på arrangement. Kravet er at den funksjonshemma eig eit følgjebevis. Den som er funksjonshemma betalar reise og inngangsbillett etter gjeldande reglar.

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebygge isolasjon og med det bidra til økt livskvalitet for den funksjonshemma. Følgjebeviset gjeld for adgang til dei aktivitetar, bygningar, transportmiddel m.v. som aksepterer ordninga, og der det offentleg fastsatte symbolet for følgje er slått opp.

Beviset er eigd av den funksjonshemma, som sjølv vel kven som skal vere følgjeperson frå gong til gong. Kortet er gratis.

Pasientreiser

På Pasientreiser kan du mellom anna rekvirere pasientreise, søke om å få dekt ei pasientreise og lese om dine rettar ved pasientreiser.

Telefonnummeret til Pasientreiser er 05515.