Måndag 21. mai blei det gjennomført eit innspelsmøte i samband med ny plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2025-2032. Det kom gode innspel, men vi vil gjerne ha fleire! Denne planen er viktig for lag og organisasjonar i Fyresdal fordi: Målet med planen er å få eit godt styringsverktøy for kulturbygg,  idrett og friluftsliv i Fyresdal kommune. Alle anlegg som ein ynskjer å søkje spelemidlar til, må stå omtalt i denne planen (unntak er spelemidlar til nærmiljøanlegg).

Handlingsprogrammet til denne planen blir rullert kvart år, og blir fyrst prioritert i idrettsrådet, og så går den til politisk behandling derifrå. Ein del av dykk kjenner planen frå før.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe fram planen i løpet av sommar/haust, og så kjem planen på høyring.

Vi ynskjer likevel at de kjem med innspel og ynskjer om anlegg eller aktivitetar i forkant av dette, så det så tidleg som mogleg kan implementerast i planforslaget. Innspel kan vere alt ifrå nye idretts- og friluftslivsanlegg, nye turvegar, tankar rundt kulturbygg, til korleis drive idrett- og friluftsaktivitetar. Alle innspel er velkomne!

Vi vil gjerne ha innspela dykkar innan 15. juni. 

Er det noko de lurar på, ta gjerne kontakt!

Send innspela via Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal, eDialog eller postmottak@fyresdal.kommune.no.