Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.

Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget.

Frå 01.01.2023 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 3 000,- per månad.

Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:

  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Inntektsgrense på kr 607 750,-. Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar. Inntektsgrensa per 01.08.2022 er kr 598 825.