Gimle skule er ein 1-10-skule med 168 elevar per 01.04.2023. 

Skulen ligg midt i Fyresdal sentrum, i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall og samfunnshus. Midt i smørauga, med andre ord! Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv. Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt.

Uteområdet har skatebane, leikeapparat, ulike fotballbanar og mange tre og buskar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel. Rett rundt skulen er Hamaren Aktivitetspark, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykkel og leik i direkte tilknyting. 

Vi er også ein fleirkulturell skule med både elevar og tilsette frå mange ulike land og kulturar. Tilpassa opplæring står sentralt. 

Etter skuletid er det SFO og kulturskulen som overtek skulebygget og uteområdet.

Kontakt oss

Rektor Anders Bergsland
Telefon 35 06 71 94
E-post anders.bergsland@fyresdal.kommune.no  

Inspektør Kim Beck-Gundersen
Telefon 35 06 71 78
E-post kim.beck.gundersen@fyresdal.kommune.no 

Konsulent oppvekstkontoret
Solveig Johre Rustand 
Telefon 35 06 71 76
E-post solveig.rustand@fyresdal.kommune.no 

Rådgjevar
Tone Austjord
Telefon 35 06 71 73 / 35 06 71 74
E-post tone.austjord@fyresdal.kommune.no 

Sosiallærar
Annette Gustavsson
Telefon 35 06 71 73
E-post annette.gustavson@fyresdal.kommune.no 

Skuledagen - økter og friminutt

1. økt  kl. 08.20-09.05
 2. økt  kl. 09.05-09.50
Friminutt  kl. 09.50-10.00
 3. økt  kl. 10.00-10.45
 Friminutt  kl. 10.45-11.25
 4. økt  kl. 11.25-12.10
 5. økt  kl. 12.10-12.55
 Friminutt  kl. 12.55-13.10
 6. økt  kl. 13.10-13.55

Innskriving i skulen

Innskriving i skulen skjer innan 15. mars det året barnet skal begynne på skulen. 

Alle barn får automatisk plass i grunnskulen det året dei fyller seks år. Føresette vil få brev om dette. Når føresette mottar eit slikt brev, må dei bekrefte at barnet har fått skuleplass, eventuelt takke nei dersom barnet skal flytte til ein annan kommune.

Når barnet er innskrive i skulen, vil føresette få tilgang til Visma Foreldreportal: foresatt.visma.no/fyresdal. Her kan det søkast om SFO-plass for barnet.