Opplæring for elevar med hørselshemming
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Elevar med hørselshemming har rett til å få tilrettelagt opplæringstilbod gjennom heile skuletida si. Dette gjeld undervising, SFO, klasseorganisering, utstyr og bygningsmessige tilpasningar.
Skulen kan avgjere å gi opplæringa på teiknspråk. Dette blir gjort i så fall etter ei sakkunnig vurdering i samarbeid med PP-tenesta.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule med hørselshemming.
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd oppgåve. Sjå spesielt
Folketrygdlova § 10-7
Barnehagelova § 38
Opplæringslova § 9a-2, 2-6, 3-9Lover
Barnehageloven
Folketrygdloven
Opplæringslova
Forskrifter
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Retningslinjer
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i skolen (IK-2073) -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at barnet ditt skal begynne i 1. klasse. Skulen pliktar å gi eit likeverdig tilbod, men det er ikkje nødvendig med søknad og det fattast ikkje noko enkeltvedtak frå skulen si side.Dersom eleven får tilbod om teiknspråk som språk i opplæringa, vil det skje etter ei vurdering gjort av PP-tenesta, ei såkalla sakkunnig vurdering. I så fall fattast eit enkeltvedtak, som også gir rett til å klage.Dersom eleven eller foreldre meiner at skulen må gjere meir for å få det psykososiale miljøet rundt eleven til å fungere, kan dykk be skulen om å setje i gong tiltak for å forbetre miljøet. Eit slikt krav skal behandlast etter reglar for enkeltvedtak. Det betyr at når de seier i frå til skulen anten munnleg eller skriftleg, kan dykk forvente svar innan fire veker. Eit enkeltvedtak som skulen gjer, utløysar også ein rett til å klage dersom du er misfornøgd med vedtaket. - Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2020-06-09 12:52