I løpet av dei siste dagane har det vore observert fleire nesten-ulukker i høve henting og bringing av elevar på Gimle skule. Dette er føresette som dobbeltparkerer og køyrer der ungane går.

Sjå bilete:

Det vil så snart som mogleg bli sett opp eit innkøyring forbudt-skilt (sjå det raude merket) som medfører at BARE bussar kan køyre inn på "området". Alle føresette som leverer ungar MÅ levere og hente på parkeringsplassen ved samfunnshuset. I tillegg oppmodar vi alle føresette til å køyre inn i nordenden av parkeringsplassen og ut i sørenden. Dette for å unngå ytterlegare kaos.
 
MEN - dette vil sjølvsagt gjelde alle oss andre også, både på dag- og kveldstid! Når vi skal i symjehallen, i eit møte eller på ein konsert på Gimle, på samfunnshuset eller på biblioteket, må vi også bruke parkeringsplassen på samfunnshuset.