26.11.2020 gjorde Fyresdal kommune vedtak om innføring av ny betalingsmodell i foreldrebetaling for barnehage og SFO:

Fyresdal kommune innfører redusert betaling for SFO-plass frå 01.08.2020 for 1. og 2. trinn og frå 01.08.2021 for 3. og 4. trinn:

Eigenbetaling for SFO blir fastsett i budsjettvedtaket i kommunestyret. 
 
Moderasjonsordningar i SFO:
 
  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sitt samla hushald, dersom: 
    • a) maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit år utgjer meir enn seks % av hushaldet si inntekt det siste året eller,
    • b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit år utgjer meir enn 6 % av hushaldet si inntekt.
  • Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
For perioden frå 01.08.2020 og til no vil det bli tilbakebetalt etter søknad.
Frist for å søke om tilbakebetaling for nemnde periode (frå 01.08.2020 og til no) er 01.02.2021. 
Søknader som kjem inn innan gitt frist vil gje grunnlag for tilbakebetaling for nemnde periode.
Søkast det seinare vil søknader bli handsama fortløpande og redusert betaling sett i verk månaden etterpå.
Det må betalast full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjend. 
 
Du finn søknadsskjema nedst i artikkelen.
 
Les meir om moderasjonsordninger i SFO på nettsida til Utdanningsdirektoratet.