Fyresdal Kurs- og Leirsted

Adresse: Fyresdalvegen 2295, 3870 Fyresdal

Denne campingen ligg vakkert til rett ved Fyresvatn, og er berre eit steinkast unna sentrum og Hamaren Aktivitetspark.

Fossumsanden Camping

Adresse: Fyresdalsvegen 541, 3870 Fyresdal

Fossumsanden Camping er ein rustikk naturcamping som ligg vakkert til ved Skredvatn i Fyresdal. Like i nærleiken finn du Via Ferrata Fyresdal  som tar deg med til toppen av det flotte Skredfjell.

Telemark Camping & Motel

Adresse: Fyresdalsvegen 620, 3870 Fyresdal

Campingen ligg ved  Skredvatn i Fyresdal, og er ein hyggeleg campingplass med 8 hytter, 8 bobilplassar, glamping og eige motell. Campingen er utstyrt med wifi, dusjar, toalett og felles utekjøkken. Båtar og kanoer er også inkludert i leiga.

Øyne Camping

Adresse: Glomfossvegen 50, 3870 Fyresdal

Campingen ligg i den sørlege enden av Fyresvatn i nydelege Kilegrend. Her er det gode fiskemoglegheiter og tilgang på mykje fiskeutstyr. Rett ved campingen startar turen Øynuten rundt, som er ein fin og lett fottur der ein får sjå Trollholene, to store grotter utforma under istida.