Dei viktigaste næringsvegane er jordbruk, skogbruk, handel og turisme, samt kraftproduksjon. 

Fyresdal er kjend for sine mange funn frå vikingtida, mellom anna gravhaugar og restar etter slag. Nord for sentrum, i Hegglandsgrend, låg i tidleg kristen tid ei pilegrimskyrkje.

Landskapet i Fyresdal strekkjer seg frå omlag 275 moh. til 1284 moh (Napuren). Her er eit varierande plante- og dyreliv, og mange små og store fiskevatn.

  • Fylke: Telemark
  • Status: Kommune
  • Innbyggjarnamn: Fyresdøl/Førsdøl
  • Areal:
    • Totalt: 1 280,14 km²
    • Land: 1 108,9 km²
    • Vann : 171,24 km²
  • Kommunenummer: 0831
  • Målform: Nynorsk
  • Høgaste topp: Napuren, 1 284 moh.
  • Folketall per 01.07.2019: 1 283