Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

#innbyggeresøkes

Fyresdal kommune søker ein influencer som vil ta med seg familien og bu i Fyresdal i minst eit år! Denne tida skal vedkomande hjelpe oss med å formidle korleis det er å bu på bygda og i Fyresdal spesielt.

Som alle andre små distriktskommunar har Fyresdal ei utfordring når det gjeld folketalsutvikling. For å halde oppe privat og offentleg tenestetilbod er det naudsynt for oss å forsøke å snu denne trenden.

Fyresdal er eit spanande samfunn der det er lov å tenke annleis og der ein blir oppfordra til å ta sjansar. Kommunen har sjølv vist dette ved å bygge flyplass på 1960-talet, støtta opp om vatnfabrikk på 1990-talet, importert nederlendarar for å auke folketalet på 2000-talet og nå sist satsa tungt på spektakulære planar i Hamaren Aktivitetspark.

Nå vil vi prøve influencer-marketing for å nå ut til eit retta publikum som vil vere interessert i innhald frå Fyresdal og som kan bli interessert i produktet vårt, nemleg det å bu i Fyresdal. Vi ynskjer ein familie som kan delta på vanlege familieaktivitetar og ta del i det flotte samfunnet vårt og som kan formidle dette ut til verda.

What’s in it for you?

Dette kan bli eit eventyr for deg og din familie, og vi er sikre på at du vil få mykje positiv merksemd og auka engasjement frå dine følgarar!

Du og familien skal få bu gratis og få barnehage- og SFO-plass. Vi meiner å ha mykje å tilby ulike influencerar og vi har utvikla ulike konsept;

Er du ein treningsglad person, kan vi tilby deg å drive det flotte, lokale treningssenteret i eit år, gjerne lenger om du ynskjer å bli. Er du opptatt av oppussing og interiør, kan vi tilby oppussingsobjekt med nydeleg utsikt. Vi vil hjelpe til med avtaler med lokale leverandørar m.m., og om du vil bli buande, er huset ditt. Er merkevara di friluftsliv, toppturar, jakt og fiske, då kan vi tilby eit vell av naturopplevingar året rundt. Vi vil tilpasse avtaler utifrå kven som viser interesse.

Kven er du?

Vi ynskjer ein influencer med mellom 20 000 og 50 000 følgarar på Instagram, men kan gjerne vere på andre medium i tillegg. Følgarane må vere opptekne av familie, friluftsliv, helse, oppvekstvilkår og fritidsinteresser. Kommunen ynskjer jamnleg, ekte og naturleg markadsføring av korleis det er å leve i Fyresdal, anten gjennom Instagram-innlegg og eventuelt ein blogg. Du er positiv til distrikts-Noreg, du likar å vere ute og du kan ta i eit tak. Du er eventyrlysten, familieglad, utadvent og likar å møte nye menneske.

Er du vår nye innbyggar?

Ta gjerne kontakt med prosjektleiarane Birgith Reinskås Lunden (bl@fnat.no) og Monica Sølyst (ms@fnat.no) for meir informasjon!

 

Winter wonerland