Ledige tomter og bustader

Bustadtomter:

Fyresdal kommune har som overordna mål å leggje til rette for at Fyresdal skal vere ein god plass å bu og virke. Ei viktig satsing for Fyresdal er difor å leggje til rette attraktive bustadtomter, både i sentrumsnære område og i grendene. Her finn du oversikt over bustadtomter i kommunen.

Hyttetomter:

Det er Birtedalen og Våmur som har flest område for hyttebygging i kommunen, men det finst også andre spreidde område i kommunen med godkjente reguleringsplanar for hyttebygging som til dømes Kleivgrend. Ta gjerne kontakt med kommunen for meir informasjon! 

Kommunale bustader:

Fyresdal kommune leiger ut einebustader, leilegheiter, hyblar og omsorsgsbustader. Flesteparten av desse ligg sentralt til. Ynskjer du å leige ordinær bustad, send ein søknad til postmottaket hos Fyresdal kommune. Dersom det gjeld omsorgsbustad, må du kontakte tenestekontoret. 

Nokre av fordelane ved å bu i Fyresdal

  • Ingen bilkø
  • Full barnehagedekning
  • Rimelege hustomter
  • Kommunale tilskot
  • Næringsfond
  • Aktive grender og grendelag
  • Eit levande og konsentrert kommunesenter med gåavstand til viktige funksjonar som skule, barnehage, bibliotek, symjehall, idrettshall, kyrkje og næringshage
  • Mange gode kulturtilbod mellom anna med kulturskule og bibliotek
  • Mange gode fritids- og aktivitetstilbod, både organisert og ikkje-organisert

Fritid i Fyresdal

Vi har mange lag og organisasjonar i Fyresdal, og det å bli med i eit eller fleire av desse laga er ein ypperleg måte å bli kjent med nye folk på.

Ta ein kikk på denne lista over lokale lag og organisasjonar, og sjå om du finn noko av interesse. 

Her finn du ei oversikt over nokre av tilboda innanfor kultur, idrett og fritid.

Transport innad, og inn og ut av kommunen

Buss

Vestfold og Telemark fylkeskommune har ansvaret for strategisk planlegging og drift av lokal kollektivtransport og skuleskyss. Sjå meir om busstilbodet på farte.no.

Taxi

Fyresdal taxi: Mobil 95 30 35 00.

Flexiruter

Flexiruter er bestillingstransport frå heimen til sentrum og heim att, og er ein del av det ordinære kollektivtilbodet. Tilbodet er ope for alle, men er særleg tilpassa for reisande som ikkje har tilgang til eigen bil, har avstand til haldeplassar eller bur i område det er lite eller ikkje kollektivtilbod. Sjå meir om flexiruter på farte.no

Viktige telefonnummer

Fyresdal legekontor:

Telefon 35 06 73 00. Ope måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Fyresdal kommune (sentralbord i Fyresdal Næringshage)

Telefon 35 06 71 00. 
Ope måndag-fredag kl. 08.00-16.00 frå 15. oktober til 14. april.
Ope måndag-fredag kl. 08.00-15.00 frå 15. april til 14. oktober.

Ambulanse 113
Brann 110
Politi 112
Legevakt 116 117