Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring til elevar som er blinde eller sterkt svaksynte

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Kommunen vil sørgje for at elevar som er blinde eller har sterkt nedsett syn får eit likeverdig opplæringstilbod i nærmiljøet sitt. Kommunen vil også sørgje for at foreldra får den nødvendige opplæringa i punktskrift/blindeskrift slik at dei kan følgje opp i heimen.
     
    Eleven vil få alle dei vanlege undervisningstimane, i tillegg til opplæring i punktskrift og tekniske hjelpemiddel.
     
    Eleven kan også få opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Dette blir i så fall ei eiga vurdering som skulen gjer i samarbeid med PP-tenesta.

    Målgruppe

    • Foreldre/føresette med blinde eller svaksynte barn
    • Blinde og svaksynte barn i skulepliktig alder

    Pris for tenesta

    Tenesta er gratis.

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt 
    opplæringslova §§ 2-14 og 3-10
    forskrift til opplæringslova §§ 1-1 og 1-3.

    Forskrifter

    Forskrift til opplæringslova

    Retningslinjer

    Veileder i sosial inkludering av synshemmede elever i barne- og ungdomsskole (blindeforbundet)

    Veileder om opplæring i punktskrift, mobilitet og bruk av tekniske hjelpemidler

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at, og når, barnet ditt skal begynne i 1. klasse. 
     
    I samarbeid med PP-tenesta vil skulen gjere ei sakkunnig vurdering, og deretter fatte eit vedtak om opplæring i punktskrift.
     
    Skulen kan også tilby opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Denne typen opplæring fell inn under reglane for spesialundervising. Det betyr at skulen vil fatte eit vedtak om spesialundervising i tillegg til opplæringa i punktskrift. Dersom barnet ditt får eit vedtak om spesialundervising, skal den også ha ein individuell opplæringsplan (IOP).
  • Saksbehandling
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-06-09 12:52