Informasjon om parkeringsordninga - 30.05.2023

Fyresdal kommune har vedteke å innføre parkeringsavgift for utvalde parkeringsplassar i sentrum. Dette vil i hovudsak omfatte dei heileigde kommunale plassane ved samfunnshuset, idrettshallen, sør for helsehuset, og ved næringshagen. Det er knytt kontakt med eit parkeringsselskap som tek seg av all drift av parkeringsordninga, desse nyttar «Easy-Park» som betalingsordning, kjent frå andre regulerte parkeringsområde. Det vil også bli moglegheit til å betale med kort på automatar på sentrale stader. Plassane framføre Spar, Hvelvet og elles i Folkestadbyen vil ikkje vere plassar med betaling, her er det tenkt timesparkering utan avgift, for handel i butikkane.

Då ein ikkje har lov til å skilje mellom fastbuande Fyresdølar og tilreisande, må også Fyresdølar betale avgift for å parkere på nemnde plassar. Innbyggarar, og andre som nyttar plassane hyppig, kan løyse årskort. Då står ein fritt på alle plassane som er omfatta av ordninga. For å gjere parkering kostnadsfritt for m.a. bygdefolk, kan årskortet løysast inn i eit gåvekort som kan nyttast i all handel i Fyresdal. Årskortet løysast inn på sentralbordet til kommunen i oktober månad.

Gjennom utbygging av Tretoppvegen og Hamaren vonar vi at mange vil finne vegen til Fyresdal, kose seg i Hamaren, og nytte butikkane i Folkestadbyen, serverings- og overnattingsstader flittig, og på denne måten styrke næringslivet i Fyresdal. Mange tilreisande gir mange bilar, og utan ei eller anna form for regulering, vil parkering bli ei stor utfordring, ikkje minst for handelsstanden, med folk som parkerer nær butikkane, og nyttar dagen i Hamaren, Bryggeparken etc. Slik «villparkering» ynskjer vi ikkje, dette må regulerast.

Vi er ikkje vande med parkeringsavgift i Fyresdal, og mange tenker at dette er unødvendig. 2023 vil vere eit år vi bygger erfaring, og det vil sikkert kome utfordringar vi ikkje har tenkt på, eller ting som kan/må løysast på ein betre måte. Det er lov å vere ueinig i parkeringsordninga, men vi ber folk vere tolmodige, så kan vi saman finne gode løysingar på utfordringane som dukkar opp.

Planlagt oppstart av parkeringsordninga er satt til veke 24.

Utfyllande informasjon om parkeringsordninga - 31.05.2023

Alle som ynskjer det kan kjøpe årskort for parkering på dei kommunale plassane i kommunen. Eit slikt årskort vil koste kroner 200,-. Innbyggarar i Fyresdal kan i oktober vise kvittering for betalt avgift, og få ut eit gåvekort pålydande kroner 200,-. Slik blir parkering for innbyggarar med årskort heilt gratis. Gåvekortet kan nyttast på t.d. drivstoff eller mat. 

Både dagparkering og årskort kjøpast på betalingsautomat eller i «Easy-park»-appen. Parkeringsautomatane vil stå ved næringshagen og ved samfunnshuset, og tek alle typar kort. Parkeringsplassane vil ha sonenummer som ein finn att i «Easy-park»-appen, slik at ein lett kan betale avgifta, både dagparkering og årskort, i appen. For tilreisande vil dagparkering vere løysinga.

Fylgjande plassar vil vere underlagt parkeringsordninga:

  • Parkeringsplassane ved samfunnshuset og idrettshallen. Her vil det vere parkering mot avgift 24/7 (kr 100,- per dag). Årskort gjeld her.
  • Parkeringsplassen ved helsehuset. Her vil det vere reservert parkering for tilsette måndag-fredag kl. 07-16. Ut over dette vil det vere parkering mot avgift (kr 100,- per dag). Årskort gjeld her.
  • Parkeringsplassen ved POS. Her vil det vere reservert parkering for tilsette måndag-fredag kl. 07-16. Ut over dette vil det vere parkering mot avgift (kr 100,- per dag). Årskort gjeld her.
  • Parkeringsplassen ved næringshagen. Her vil det vere reservert parkering for tilsette måndag-fredag kl. 07-16. Ut over dette vil det vere parkering mot avgift (kr 200,- per dag). Årskort gjeld her.

Parkeringsplassane ved SPAR, Hvelvet og resten av Folkestadgata og Meieribakken vil ha gratis parkering i 1 time. Ut over dette vil det vere parkering forbode (unntak for tilsette i butikkane). Her gjeld ikkje årskort.

Dersom ein har løyst årskort til kroner 200,- kan ein altså stå fritt på alle plassar, akkurat som før, og få utlegget refundert som eit gåvekort til handel i Fyresdal.

Det vil kome mykje folk til Fyresdal i høgsesong, og slitasje på parkeringsareal og anna uteareal vil auke. Då vil det vere greitt å ha inntekter frå tilreisande, som faktisk slit på areala, til å dekke meirutgifter for å halde uteområda fine. På denne måten kan vi nytte kommunale kroner på skule, oppvekst og eldreomsorg, i staden for på uteareal. Det er viktig å merke seg at inntektene ikkje utelukkande skal gå til å drifte Hamaren. Inntektene skal setjast av på fond, som Formannskapet disponerer. Slik kan inntektene kanaliserast til gode tiltak for innbyggarane i Fyresdal.

Utan noko form for regulering, vil parkering bli ei stor utfordring for handelstanden, for parkering ved skule/barnehage, og i bryggeparken. Tilreisande ynskjer å parkere så nært som mogleg, og utan regulering vil ein oppleve mykje «villparkering». Då kan det brått bli vanskeleg for oss som nyttar plassane til dagleg å finne ledig plass for arbeid og fritid.

Det er viktig å merke at Kommunestyret einstemmig gav si tilslutning til innføring av parkeringsavgift, og at Formannskapet i detalj er orientert om korleis ordninga skal fungere. 

2023 vil vere eit år vi haustar erfaring, og så skal ordninga evaluerast før ny sesong.