I juni, juli, august og september finn du Fyresdal turistinformasjon på Sporten Fyresdal i Folkestadbyen, i Folkestadgata 3. I perioden oktober-mai finn du Fyresdal turistinformasjon i Fyresdal Næringshage. 

På turistinformasjonen får du gode råd og hjelp til det meste; kjøp av fiskekort og informasjon om kor fisken bit, kor du finn det husværet du er ute etter, råd og tips om kva som er verdt å sjå på og å gjere, hjelp til å legge opp rundturar, i tillegg til brosjyrer og anna skriftleg materiell om bygda, Vestfold og Telemark, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet.

Folkestadbyen, som blir kalla "by'n" på folkemunne, er spesiell i Vest-Telemark og er ei lita perle med små butikkar og idylliske hus og hagar. Dei gamle husa er skilta, og på kvart hus kan ein lese kor gamalt huset er, kor det kom frå, kven som budde her og kva for yrke dei hadde. 

Utanom sesong, dvs. i perioden frå 1. oktober til 31. mai er det Fyresdal kommune og sentralbordet vårt i Fyresdal Næringshage som i utgangspunktet fungerer som turistkontor. Du vil likevel få både hjelp og brosjyrer dersom du stikk innom Sporten Fyresdal i denne perioden.