I mai 2020 flytta eg til Fyresdal for å marknadsføre bygda som ein god plass å bu. Prosjektet var eit oppdrag for kommunen, som eg tok på meg gjennom den lokale bedrifta Faun
Naturforvaltning. Det blei eit lærerikt og travelt halvår i eit område som var heilt ukjend for meg. 

Gjennom prosjektet har eg vore mykje rundt omkring, og har stifta kjennskap med både plassar og folk som eg kanskje ikkje hadde treft elles. Eg ynskjer å rette ein stor takk til alle
som har involvert seg i prosjektet! Takk til dei som har heia, alle som har stoppa for å slå av ein prat, og ikkje minst til dei som har bidrege ved å la seg fotografere.

For dei som måtte lure, så bur eg fortsatt i Fyresdal. Som tilsett i Faun har eg det siste året fått prøve meg på mykje nytt i samarbeid med gode kollegaer. Da eg var jobbsøkjar i fjor,
med ein fersk mastergrad i mediefag, kunne eg ikkje førestille meg at eg skulle drive med blant anna snøsporing og elgbeitetaksering. Men dagane ute er sjølvsagt dei beste! 

No skal Gisle Agledahl (“firgisle” på Instagram) straks gå i gang med jobben med å inspirere andre til å flytte hit. Lykke til og velkomen til bygda! 

Takk for meg! 

Live