Livet i Fyresdal i året som var

Eg flytta til Fyresdal i mai, midt i koronakaoset. Heldigvis har eg merka lite til det her, og når eg har lese om situasjonen i større byar rundt om i landet, har alt det verka ganske fjernt. Sjølvsagt har det vore mykje handsprit og inga handhelsing i Fyresdal også, men det blei fort ein vane.

Ei rekke arrangement har trass pandemien vore gjennomført siste halvåret, om enn i mindre skala enn planlagt, og mange har stått på for å skape liv og røre i bygda. Eg har ikkje budd i Fyresdal utanom "koronatida", men eg opplever kvardagen her som tilnærma normal. Tilboda i området har vore tilgjengelege store delar av tida, slik som opne butikkar, kafé/restaurant, treningssenteret, ungdomsklubben og ulike fritidsaktivitetar. Barnehagen og skulen har lagt til rette for at dei unge skal få samlast og oppleve dei faste aktivitetane som juleball, Lucia-tog og nissebesøk på Snarteland. Fekk du forresten med deg at UNICEF kåra Fyresdal til den kommunen i Noreg som brukar mest pengar på tenester for barn og unge? Det kan du lese meir om her.

Sidan nedstenginga i mars, har mange vore nøydde til å arbeide frå heime. I Fyresdal har det vore lite smitte, og eg har hatt moglegheit til å vere på kontoret kvar dag sidan eg kom hit. Å ha eit arbeidsmiljø og gode kollegaer rundt seg veit eg har vore viktig for min trivnad. Fyresdal har så langt vore ein trygg og god plass å bu, og eg har sjølv opplevd korleis folka her stiller opp når ein treng det.

No skal det seiast at eg ei lita stund var bekymra for om eg kunne reise til heimbygda til jul, da fleire på kontoret, inkludert meg, av ulike årsakar måtte ta koronatest og vere i karantene på skift. Heldigvis slapp alle unna denne gongen, og eg kunne reise heim til jul. Så får vi sjå kva det nye året har å by på av slike uføreseielege sprell.

Prosjektet

Da influensarprosjektet for kommunen blei starta i mai, hadde eg inga aning om korleis det kom til å utvikle seg, og kva slags respons eg ville få. Det har vore ein utfordrande prosess, men også veldig lærerik. Som eg har nemnt tidlegare, så tenkjer eg ikkje at eg er ein typisk influensar; eg føretrekkjer å syne fram noko anna enn meg sjølv, og innlegga eg deler på Instagramkontoen er i stor grad prega av dokumentarfotografi-bakgrunnen min.

Mitt mål er å ta ekte bilete, ikkje pynte på ting, og det håpar eg at eg har fått til. Nokre av desse bileta kan du sjå her. Gjennom prosjektet har eg fått vere med på mykje artig og blitt kjent med folk eg sannsynlegvis ikkje hadde treft elles. Eg har vore heime hjå Liv og Oddbjørn og ungane på småbruket, eg har vore med Vilde på trening og rideturar i skogen, og har fått fylgje fleire av Andreas sine prosjekt frå skisse til ferdig produkt. Eg har høyrt interessante historier frå fleire om korleis dei hamna her, og har generelt hatt mange fine samtaler. Eg er takknemleg for at eg har fått lov til å virre rundt med kameraet mitt, og ikkje minst fått fotografere det meste akkurat slik det er.

Eg vil rette ein stor takk til alle dykk som har stilt opp i prosjektet! Takk til alle som har brukt av tida si og har gitt meg løyve til å dele glimt frå dykkar kvardag.

Takk også til alle som har fylgt med på prosjektet og engasjert seg. I slutten av januar er det møte i kommunestyret, og i februar blir det bestemt om prosjektet får midlar for eit halvår til, eller ikkje. Om det blir ei fortsetjing, håpar eg at du har lyst til å fylgje med vidare!

No er det nydeleg i Fyresdal med mykje fin snø. Eg har sett fram til kaldare tider lenge og gler meg til å oppleve vinteren her!

Godt nytt år til alle frå fagre Fyresdal! 

Venleg helsing Live og Rot 

PS. Om det blir ei fortsetjing på prosjektet, set eg stor pris på innspel frå dei som kjenner området betre enn meg. Bur du i Fyresdal sjølv eller er kjent her, tek eg gjerne imot tips om det er noko eg bør få med meg! Send meg ei melding på Instagramkontoen @livet_i_fyresdal eller kontakt meg på e-post: live.sulheim@fnat.no